Kantine og Catering
Kantinedrift; tekstil avdelinga har og ansvaret for drift av eigen kantine ved bedrifta. Kantina er i same etasje som tekstilen, men i eige rom/ avdeling. Der blir det laga mat til lunsjpausen kvar dag. Menyen blir planlagt ein månad om gangen, der det er jamt fordelt mellom varm og kald mat. I drifta av kantina vært det lagt stor vekt på at maten skal være sunn, og at det til kvart måltid er tilgang på frukt og grønsaker. Ved enkelte høve kan kantina etter bestilling frå eksterne kundar lage kald mat som f.eks. påsmørja rundstykke, lappar/vafflar o.l.